Mi side
Vår hybrid-snekke i Kjøsnesfjorden

Våre turar

Vi tilbyr guida båtturar på det nydelege Jølstravatnet og i den fantastiske Kjøsnesfjorden. Vi skreddarsyr turar.

Guida tur til Kjøsnesfjorden

Vår mest populære tur går frå Skei sentrum eller Jølster Panorama Camping til Kjøsnesfjorden. Turen går i stillegåande båtar med god komfort og varer i to timar.

I løpet av turen får ein sjå delar av isbreen på Tverrfjellet og dei dramatisk forma fjella rundt Kjøsnesfjorden, i tillegg til ein fantastisk natur med skred, fossar og eit nydeleg kulturlandskap.

Du kan lese meir om turen her.

Sjå ledige turar og book turen din her.

Bedrift og grupper

Sommarfest, kundetur eller teambuilding? Vi tek med kollegaer, kundar og vener på privat båttur med lokal guide og servering etter ønske.

Les meir om båtturar for bedrift og grupper.

Kunst og kultur

Vil du besøkje Astrup-tunet eller Eikaas-galleriet? Kombinér museumsbesøk med førsteklasses utsikt frå vassida til fleire av Astrups favorittmotiv.

Vi kan skreddarsy turen for å passe lokale aktivitetar. Fastpris, timepris eller pris per person etter avtale. Ta kontakt for å høyre kva vi kan tilby deg eller gruppa di.

Natur og foto

Vi tilbyr turar for natur- og fotointeresserte som ønskjer spektakulær natur og moglegheit til å forevige opplevinga med eige fotoutstyr.

Det er sjølvsagt mogleg å ta foto på våre ordinære turar, men om du ønskjer meir tid til utvalde motiv og å eksperimentere med ulike vinklar og lysforhold, kan vi tilretteleggje for dedikerte fototurar.

Vi kan fortelje om naturen langs båtruta og forklare korleis landskapet er forma, med enkel geologi og ved å peike på landemerke i terrenget.

Guida turar på førespurnad

Jølster Boat Tours disponerar tre flotte båtar som kan ta små og store grupper ut på eventyr på vakre Jølstravatnet og nydelege Kjøsnesfjorden. Sjå utrulege fjellformasjonar, glimt av isbre og landskapet som isbreen har forma gjennom tusenvis av år.

Våre båtar

Smartliner sofabåt med plass til 11 passasjerar. Moglegheit for musikk over stereoanlegg. Stillegåande Suzuki 4-taktar. Utreise skjer vanlegvis frå Skei eller Jølster Panorama, med moglegheit for eigne turar etter avtale.

------------------------------------------------------------------------------

Skager 660 Electric med plass til 9 passasjerar. Vår mest berekraftige og stillegåande tur. Ei heilelektrisk oppleving der ein kan høyre fuglekvitter frå naturen på stille dagar. Den ideelle båten for å nyte spektakulær natur. Utreise skjer vanlegvis frå Skei eller Jølster Panorama, moglegheit for eigne turar etter avtale.

------------------------------------------------------------------------------

Skager 660 hybridmotor. Ein behageleg båt med lang rekkevidde. Same solide båtskrog som den elektriske systerbåten for ei trygg og god reise. Utreise skjer vanlegvis frå Lunde, moglegheit for eigne turar etter avtale.

Ta kontakt for ei reise tilpassa dine behov eller gruppa di:

E-post: post@jolsterboattours.no
Telefon: +47 400 61 941