Mi side
Sofabåten med gjester i Kjøsnesfjorden

Båttur for bedrift og grupper

Sommarfest, kundetur eller teambuilding på Jølstravatnet – med lokal guide om bord og servering etter ønske.

Ei annleis samling på vatnet

Ta med kollegaene, kundane eller samarbeidspartnarane ut på Jølstravatnet og inn i Kjøsnesfjorden. Medan båtføraren fortel om bygda, fjella og isbreen, får de tid til å prate, kople av og oppleve noko saman.

Turen passar godt til:

– Sommarfest og avslutning for tilsette

– Kunde- og leverandørturar

– Teambuilding eller eit avbrekk i ei fagsamling

– Bursdag, jubileum og utdrikningslag

Turen er heilt privat – båten er berre for dykk, og vi tilpassar lengd og rute etter ønska dykkar.

Pris og kapasitet

2 500 kr per båt per time, inkl. mva. Båtføraren er òg guide og er inkludert i prisen.

Sofabåten tek 11 gjester og el-båten 9 gjester – til saman 20 personar samtidig. For større grupper kan vi i tillegg nytte båten vår som går frå Lunde (9 gjester). Då kan vi ta imot inntil 29 personar.

Døme: 20 personar i to båtar i to timar kostar 10 000 kr, altså 500 kr per person.

Ekstra guide, til dømes på eit anna språk, og servering kjem i tillegg. Ein ekstra guide tek ein gjesteplass i båten.

Servering om bord

Vi ordnar gjerne servering om bord etter ønska dykkar – alkoholfritt og tilpassa livet i båten. Det kan vere lokale lefser, ostefat, frukt, alkoholfri sider, sandwichar, bakverk eller baguettar.

Sei frå kva de ønskjer, så set vi saman eit forslag.

De kan òg ta med eigen mat og drikke om de vil. Det held kostnaden nede og gjer det enkelt å tilpasse turen.

Sofabåten med gjester sett frå lufta i Kjøsnesfjorden
Gjester på tur med Skager-båten i Kjøsnesfjorden
Sofabåten i Kjøsnesfjorden
Skager-båten på Jølstravatnet i kveldssol

Slik bestiller de

1. Send oss ein e-post med ønskt dato, tal personar, kor lenge turen skal vare og om de ønskjer servering.

2. Vi sender eit forslag med pris.

3. Vi møtest på kaia på Skei eller ved Jølster Panorama, og så går turen.

E-post: post@jolsterboattours.no

Telefon: +47 400 61 941

Sesongen går frå mai til september. Ver gjerne tidleg ute om de planlegg sommarfest eller kundetur.

Foto toppbilete: Anita Bjørkedal