Mi side
Vår sofabåt på veg inn Kjøsnesfjorden.

Guida tur til Kjøsnesfjorden

Vår mest populære tur er eit to-timars fjordcruise til Kjøsnesfjorden, med fantastisk utsikt over fjell og bre frå stillegåande, komfortable båtar.

Guida tur til Kjøsnesfjorden

Vår mest populære tur går frå Skei sentrum eller Jølster Panorama Camping til Kjøsnesfjorden. Turen går i stillegåande båtar med god komfort.

I løpet av dei to timane turen varer, får ein sjå delar av isbreen på Tverrfjellet og dei dramatisk forma fjella rundt Kjøsnesfjorden, samt ei heilt fantastisk natur med skred, fossar og eit nydeleg kulturlandskap.


Sjå ledige turar og book turen din her.

Utsikt frå Lundestranda retning Kjøsnes og Skei