Svar på ofte stilte spørsmål som kan hjelpe deg å velje Jølster Boat Tours som di neste oppleving.
Om turane våre
Kva for turar tilbyr de?
Guida sightseeing-turar, fjordcruise, fisketurar, naturopplevingar, kulturopplevingar og skreddarsydde private rundturar.
Kva er inkludert i prisen?
Guida båttur med kvalifisert båtførar, redningsutstyr og eventuelt oppgitt utstyr - sjå beskriving for kvar tur.
Kan eg bestille privat charter?
Ja, kontakt oss med dato, tal på passasjerar og ønskjer for turen for eit tilbod.
Kva for språk snakkar guidane?
Hovudsakleg norsk og engelsk. Ved spesielle behov og rimeleg varsel kan vi tilby guidar på nokre andre språk.
Bestilling og betaling
Korleis bestiller eg billettar?
Bestill online via nettsida, eller kontakt oss på telefon/e-post for gruppebestillingar.
Godtek de betaling med kort og Vipps?
Ja, nettbasert kortbetaling, Vipps og faktura for godkjende bedrifter/grupper.
Kan eg avbestille eller endre bestillinga?
Du kan avbestille kostnadsfritt inntil 48 timar før avreise. Etter det blir det ikkje tilbakebetaling, men du kan gratis overføre bestillinga til eit anna namn. Sjå meir i vilkåra våre.
Får eg refusjon for ein avlyst tur frå dykk?
Ja, ved avlysing frå vår side får du refusjon i samsvar med våre vilkår eller ombooking.
Grupper og arrangement
Tilbyr de gruppe- eller firmapakkar?
Ja. Vi tilbyr private turar for bedrifter og grupper, til dømes sommarfest, kundetur eller teambuilding. Les meir om båtturar for bedrift og grupper, eller kontakt oss for eit tilbod.
Kva kostar ein privat tur?
2 500 kr per båt per time, inkl. mva. Båtføraren er òg guide og er inkludert i prisen. Ekstra guide og servering kjem i tillegg.
Kor mange kan vere med?
Sofabåten tek 11 gjester og el-båten 9 gjester – til saman 20 personar samtidig. Med båten vår på Lunde kan vi ta imot inntil 29 personar.
Er det mogleg å kombinere båt med overnatting eller aktivitetar på land?
Vi samarbeider med lokale aktørar om pakkar. Spør oss ved booking.
Praktisk info
Kor lenge varer turane?
Vår vanlegaste tur er eit to-timars fjordcruise til Kjøsnesfjorden. Andre turar med ulike lengder og innhald kan avtalast.
Når bør eg møte opp før avgang?
Møt gjerne om lag 10 minutt før avgang for innsjekking og tilpassing av flytevest.
Kvar kan ein gå av og på båtane?
Om ikkje anna er avtalt, går turane frå marinaen på Jølster Panorama Camping. Når vasstanden er høg og vi ikkje kjem under Kjøsnesbrua, startar turen frå Lunde i staden – då gir vi deg beskjed før turen. Etter avtale kan vi òg starte frå Skei City Marina, framfor Grand Hotel Skei og Joker Skei.
Kvar kan eg parkere?
Det er gratis parkering ved alle oppmøtestadene: ved marinaen på Jølster Panorama Camping, ved Grand Hotel Skei (Skei City Marina) og på Lunde.
Kva skjer ved dårleg vêr?
Vi følgjer med på vêrmeldinga og gjer ei tryggleiksvurdering før kvar tur. Er vêret for dårleg, flyttar eller avlyser vi turen i dialog med deg, og du får tilbod om ny tid eller refusjon. Litt regn og vind kan likevel gi ein fin og annleis tur, så kle deg etter vêret.
Har båtane tak eller ly for regn?
Nokre av båtane våre har kalesje som kan dekkje heile eller delar av båten. Vi avgjer gjerne saman med dykk før vi dreg frå land om kalesjen skal opp, sidan han tek litt av utsikta frå nokre av plassane. Ta likevel med ei god jakke – litt vêr og vind er ein del av opplevinga.
Utstyr og klede
Kva bør eg ha på meg og kva bør eg ta med på tur?
Kle deg etter lag-på-lag-prinsippet, med vind- og vanntett yttertøy og sko med godt grep. Solbriller og solkrem.
Kan eg ta med eige fiske-/foto-utstyr?
Ja, det er avgrensa plass i båtane, så gi beskjed om større utstyr ved bestilling.
Miljø og ansvar
Korleis tek de omsyn til miljøet?
Vi følgjer lokale og nasjonale retningslinjer for naturvern, minimerer utslepp og tek vare på natur og dyreliv. Vi oppmodar gjestar til ikkje å etterlate søppel i naturen.
Korleis forheld de dykk til dyreliv og natur?
Vi held trygg avstand til dyrelivet, følgjer nasjonale og lokale reglar og informerer gjestar om respektfull åtferd.
Tryggleik og reglar
Kven passar turane for?
Dei fleste turar passar for vaksne og born. Nokre turar kan vere mindre eigna for personar med avgrensa rørsle - sjå turspesifikke krav.
Er det redningsvestar om bord?
Ja, flytemateriell i alle storleikar finst om bord og må brukast i samsvar med instruksane frå mannskapet.
Er det mogleg å bade frå båten?
Ja, under visse omstende og på eige ansvar. Ta kontakt med besetninga for informasjon.
Kva gjer eg om eg blir sjøsjuk?
Gi beskjed til mannskapet slik at vi kan tilpasse turen.
Tilgjengelegheit og fasilitetar
Er det servering om bord?
Det er vanlegvis ikkje servering på dei faste turane, men vi ordnar gjerne servering etter avtale, til dømes lokale lefser, ostefat, frukt, alkoholfri sider eller bakverk. Alle gjester kan òg ta med eigen mat og drikke, både på faste og private turar.
Er det toalett om bord?
Nei, det er ikkje toalett om bord, men vi har tilgang til toalettfasilitetar på land.
Kan eg ta med barn og barnevogn?
Born er velkomne, og vi har flytemateriell frå spedbarn og oppover. Barnevogn kan takast med, men dette avheng også av plass i båten; oppbevaring kan vere avgrensa. Det er mogleg å låse inn barnevogn og eigedelar på land.
Kan eg ta med dyr om bord?
Ja, ved private turar for di gruppe. Ved ope sal må dette avklarast med dei andre gjestane med omsyn til allergi eller frykt for dyr.
Er båtane tilgjengelege for rullestolbrukarar?
Båtane og kaianlegg er i utgangspunktet ikkje særleg eigna for rullestolbrukarar. Ta kontakt, så skal vi sjå på moglege løysingar.
Kontakt og kundeservice
Korleis kjem eg i kontakt med dykk?
Telefon (+47 400 61 941), chat (Messenger og WhatsApp), e-post (post@jolsterboattours.no) og kontaktskjema på nettsida.
Kva er opningstidene dykkar?
Opningstidene våre er til ei kvar tid synlege på bedriftsprofilen vår på Google. Turane våre har oppgitte tidspunkt på nettsida.
Kor finn eg meir informasjon og oppdateringar?
Sjekk nettsida for turdetaljar og annan informasjon. Følg oss på sosiale medium for nyheiter og oppdateringar gjennom sesongen.