Mi side

Vilkår

PARTANE

Seljar av tenesta er Jølster Reiarlag AS med organisasjonsnummer 932 807 769, Ospene 88, 6843 Skei. Jølster Reiarlag AS sel produkta til Jølster Boat Tours.

Kjøpar er den som gjer bestillinga.

KJØPSVILKÅR OG KUNDEOPPLYSNINGAR

Jølster Boat Tours held til på Skei i Jølster i Sunnfjord kommune. Alle bookingar blir gjennomførte her og kan ikkje gjennomførast andre stader.

Ved å bestille turar frå nettsida vår eller via salskanalane våre godtek kjøpar vilkåra som er skildra her. Ved å godta vilkåra pliktar du å følgje dei. Du godtek òg å følgje retningslinjene våre.

Kunden stadfestar at opplysningane som kunden fyller ut, er rette og fullstendige. Kunden har ansvar for feil i opplysningane.

Jølster Reiarlag AS har ikkje tilgang til kortinformasjon og kan ikkje registrere eller lagre kortopplysningar.

Alle klager skal rettast til Jølster Reiarlag AS, Ospene 88, 6843 Skei.

AVBESTILLING

Angreretten gjeld ikkje for enkeltståande tenester som skal gjennomførast på eit bestemt tidspunkt eller innanfor ein bestemt periode, jf. angrerettlova § 19. Vi tilbyr likevel kostnadsfri avbestilling inntil 48 timar før avreise. Ved seinare avbestilling blir det ikkje tilbakebetaling, men reservasjonen kan overførast kostnadsfritt til eit anna namn.

AVLYSING

  • Dersom vi må avlyse turar på grunn av teknisk eller maskinell feil på båten eller andre uføresette årsaker, blir reservasjonen kansellert, og kunden får pengane tilbake. Vi kan ikkje garantere godt vêr eller fri utsikt; det kjem an på vêret når turen skal gjennomførast. Regn og vind kan førekome på turen, og det kan gi ei heilt eiga oppleving og ein fin tur. Passasjerane må kle seg etter tilhøva. Vi har rett til å avlyse når vêret er for dårleg. Ved avlysing refunderer Jølster Reiarlag AS beløpet. Eventuelle gebyr eller kostnader frå korttilbydaren må bestillaren dekkje sjølv.
  • Ved farleg eller uansvarleg åtferd frå passasjerar kan vi avbryte turen utan refusjon.

Ved force majeure-situasjonar som ekstremvêr, pandemi, krig, invasjon og liknande får ikkje kunden refundert betaling for tenesta som ikkje kan gjennomførast.

BETALING

Betaling skjer via betalingsløysinga til Nets på nettsida.

Jølster Reiarlag AS har ikkje tilgang til kortinformasjon og kan ikkje registrere eller lagre kortopplysningar.

PRISAR

Prisane som gjeld, er dei som til kvar tid ligg på nettsida. Alle prisar er oppgitte i norske kroner (NOK) og inkluderer mva., skattar og avgifter. Seljaren tek atterhald om feilprising som kjem av teknisk eller menneskeleg svikt, og har rett til å kansellere ein ordre som inneheld openberre prisfeil, jf. avtalelova § 32. Prisen er 2 500 kr per time for leige av båt med båtførar. For enkeltbillettar til oppsette turar gjeld eigne prisar.

ALDERSGRENSE

Alle kjøp på nettsida må gjerast av personar over 18 år. Passasjerar under 18 år må vere i følgje med ein føresett.