
Opplev Breimsvatnet – ein båtreise gjennom natur og historie
Denne sommaren får du ein heilt særskilt moglegheit til å oppleve Breimsvatnet slik menneske har gjort i generasjonar.
I ein begrenset periode tilbyr vi både faste ruteturar og private båtturar på det vakre Breimsvatnet – ein opplevelse som kombinerer spektakulær natur, levande kulturhistorie og den heilt spesielle roen som berre eit stille fjellvatn kan gi.
Båtturane er ein del av prosjektet rundt den historiske Trondhjemske Postvei, der vatnet en gong var ein viktig ferdselsåre som bandt bygdene saman. Nå kan du følge den samme historien – fra vannet – mens fjellene reiser seg rundt deg og landskapet viser seg fra sin vakreste side.
Rutetur Reed – Kandal
Bli med på ein stemningsfull båttur mellom Reed og Kandal, og opplev Breimsvatnet fra eit helt nytt perspektiv. Turen passer perfekt for både familiar, par og alle som ønskjer en roleg opplevelse i vakre omgivnader.
Ønskjer du tur/retur, hugs å bestille returbillett samstundes.
Private båtturer
Vil du skape ein heilt eigen oppleving? Bestill ein privat båttur med familie, vener eller di kjære, og la turen gå dit du ønskjer. Kanskje til idylliske Førs innerst i Breimsvatnet, eller bare ut på vannet for å nyte stilla, dei dramatiske fjellsidene og den storslåtte naturen.
Private turar kan bestillast per time og tilpassast kundenes ønskjer.
Bestill din oppleving
Enten du ønskjer ein historisk reise, ein romantisk kveldstur eller ein minnerik familieutflukt, ønskjer vi deg velkommen om bord.
Bestill rutetur eller privat båttur i dag
E-post: post@jolsterboattours.no
Telefon: 400 61 941
Rutetabell

Den Trondhjemske postvei og postvegprosjektet på Breimsvatnet
Viktige fakta om postvegen
Den Trondhjemske postvei vaks fram frå 1780-åra som ein vegefast postføring mellom Bergen og Trondheim. Posten tok 9-10 døgn å transportere mellom byane. I starten var det postbønder som frakta posten som pålagt teneste, med postgardar kvar 10. kilometer der det skulle stå utkvilde hester.
Frå 1837 vart postbønder erstatta av postførarar som skulle få posten trygt fram. Desse var bevæpna med posthorn, pistol og sabel på grunn av fare for ran, då det ofte var store pengesendingar med posten. Postvegen var først ridesti og slede på vinterstid, men i starten av 1800-talet vart han utvida til kjerresti.
Breimsvatnet - eit viktig knutepunkt
Frå 1785 til 1889 gjekk postruta over Breimsvatnet. Det tok 2 timar med 5 mann til å ro over vatnet frå Førs til Reed i opne, tradisjonelle robåtar. Kryssinga kunne vere farleg i hardt vêr, og posten måtte ofte vente på betre forhold. I 1889 kom det veg i Våtedalen, og postruta via Breimsvatnet vart nedlagd.
Mot slutten av 1800-talet konkurrerte to hotell på Reed - Gordon Hotel og Victoria Hotel - om turistane. Dei skaffa seg kvar sin dampbåt: D/S Victoria (1887) og D/S Gordon (1888).
Reed som knutepunkt
På Reed fanst kyrkje, tingstad, landhandel, gjestgiveri og skysstasjon. Frå Reed gjekk postvegen forbi Gordon hotell og over Utvikfjellet ned til Utvik - ei 15 km lang og bratt strekning. Det var postopneri på Reed frå 1775, og gjestgiveriet frå 1715. I 1884 vart det gamle gjestgiveriet erstatta med det flotte Gordon Hotel.
Henrik Ibsen reiste gjennom området i 1862 og vart slått av landskapet. Han skildra dalføret som «ei revne mellom dei bugtande, veldige og sundrivne fjellmurane».
Frå arbeidsrute til turistmål
På slutten av 1800-talet voks turismen fram. Reisande frå inn- og utland søkte mot fjordane og fjella, og Breimsvatnet og postvegen vart ikkje berre ei ferdselsåre for post og varer, men også for menneske som søkte naturopplevingar. Reed vart eit populært reisemål mellom engelske turistar og sportsfiskarar.
Den første postføraren var italienaren Pisani, musikar i bymusikken i Bergen, som var kjend for sine vakre tonar på posthornet.
Dagens situasjon
I dag blir historia langs postvegen løfta fram av lokale aktørar. Sølvane Gard i Kandal arrangerer kultur og opera i det levande kulturlandskapet, medan Gordon Hotel på Reed blir restaurert av ein ung hotelleigar som ønskjer å føre tradisjonane vidare.
Det er etablert ei ny båtrute som bind saman stadane rundt Breimsvatnet, og besøkande kan oppleve både naturen og historia langs den gamle postvegen. Det er eit samskipningsprosjekt mellom kommune, fylke, aktørar og frivillige, og prosjektet har vi 2026 ein varigheit på fire veker frå uke 29-32.
Restane av postvegen ved Paulsvatnet er bevarte, og Reed Kultursti gjev innsikt i den spennande historia frå slutten av 1800-talet. Denne viktige delen av norsk samferdslehistorie held fram med å leve gjennom dei som fortel historia vidare til nye generasjonar.
Velkomen til ein historisk båttur på Breimsvatnet!