hero

Manuskript for tur til Kjøsnesfjorden på nynorsk

Ein oversikt over kva du vil sjå eller høyre om på den guida båtturen med Jølster Boat Tours

Publisert 28.07.2025

Manuskript for tur til Kjøsnesfjorden

Ein oversikt over kva du vil sjå eller høyre om på den guida båtturen med Jølster Boat Tours

  1. Fakta om Jølstravatnet
    1. Jølstravatnet er ca 22 km langt og ca 1,75 km på sitt breiaste.
    2. Vatnet ligg på ca 207 m.o.h. og dekkjer eit areal på ca 39,25 km².
    3. Største djup er ca 233 meter og gjennomsnittleg djupn er ca 89m.
    4. Volumet til Jølstravatnet er ca 2,89km³, som svarer til ca 1.111 Kheops-pyramidar, 1.926 Burj Khalifa, 2.752 Empire State Building eller 52.545 av Det kvite hus.
    5. Det er 12 mindre eller større bygder rundt Jølstravatnet, med fleire gardsbruk i kvar bygd.
    6. Det bur ca 2.000 personar i nær tilknyting til Jølstravatnet.
    7. Jølstravatnet er eit av Noregs mest kjende og ettertrakta innsjøfiskevatn, kanskje Europas beste fiskevatn og spesielt berømt for sin storvaksne og velsmakande Jølstraaure. Auren er nært i slekt med laks, men er meir eksklusiv og heilt vill.
    8. Gjennomsnittleg storleik på auren i vatnet er 333 gram (tre aure på kiloet), som er eit svært godt snitt og ein god storleik for matauk.
    9. Jølstraauren har vore ein viktig matressurs og handelsvare i hundreår.
    10. Jølstravatnet har eige fiskemottak for kommersialisert fiske, pakking og distribusjon av Jølstraaure.
    11. Kvifor blir fisken så stor?
      1. Rik næringstilgang: Plankton og småfisk gir gode vekstvilkår.
      2. Djup innsjø: Gir stabile temperaturar og gode overvintringsforhold
      3. God vasskvalitet: Klar innsjø med låg forureining.
      4. Lang vekstsesong: Relativt mildt klima til å vera i indre Vestland.
    12. Det blir fiska mellom 12–18 tonn med Jølstraaure årleg.
    13. Fiskekort trengst for å fiska i Jølstravatnet – vanlegvis via lokale grunneigarlag eller tenester som Inatur.no.
    14. Rekordar og storfisk
      1. På stong:
        1. Den største auren som er teken med stong vog 12,1 kg. Den vart fanga av Sverre Amundsen inst i Kjøsnesfjorden i april 1996 ved bruk av sluk.Denne rekorden stod uimotsagt i fleire tiår og blir rekna som den største dokumenterte på stong.
      2. På garn:
        1. Ein svært stor aure på 15,5 kg vart teken med garn i oktober 1973 av Anders Ripe. Dette er den største registrerte auren i innsjøen, uansett reiskapstype.
    15. Jølster Aurefest
      1. Ein årleg fiskekonkurranse som har vorte arrangert sidan 2014, inspirert av ein storstilt fiskekonkurranse tilbake i 1958, der ein kunne vinna ein bil, ein moped og eit møbel.
      2. Vert arrangert i juni og samlar opp mot 2 000 deltakarar, noko som gjer det til den største fiskekonkurransen i Noreg.
    16. Kommunikasjon
      1. Jølstravatnet hadde dampbåten Skjold til persontrafikk på vatnet frå 1890 til 1914. Den var bygd i stål og vart fyrt med oreved. Båten gjekk opphavleg i Bergen og vart flytta opp frå Førde med 35 hestar og eit arbeidslag på 70 mann. Den gjekk som kyrkjebåt, passasjerbåt og handelsbåt. Frå 1914 vart han brukt i Kjøsnesfjorden, fram til 1937, då bilvegen til Lunde var heilt ferdig.
    17. Hotel
      1. Turisthotellet på Skei vart bygd i 1889 med 30 sengeplassar. Vart totalskadd i ein brann i 1943. Vart bygd opp att i større utgåve og sidan modernisert og utvida fleire gonger. Hotellet låg perfekt til i eit knutepunkt i Sogn og Fjordane. Hotellet heiter i dag Grand Hotel Jølster under merkevara De Unike. Dei tilbyr overnatting, lunsj, middag og opplevingar.
  2. Grovabreen og Jostedalsbreen
    1. Dei to breane har vore skilt sidan førre istid (ca 10.000 år sidan).
    2. Grovabreen er den 21. største breen i Noreg (utanom Svalbard) og er med sine 20km² mykje mindre enn Jostedalsbreen. Toppunktet ligg på 1.633 meter.
    3. Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet med sine over 480km². Det høgaste punktet til breen er Høgste Brekulen med 1.952 moh. Det høgaste fjellet nær breen er Lodalskåpa med 2.083 meter.
    4. På det tjukkaste er Jostedalsbreen omlag 600 meter tjukk. Den er omlag 60 km lang på sitt lengste.
    5. Breen har variert mykje i storleik dei siste 10.000 år. Frå å vera nesten heilt borte, til å veksa i “den vesle istida” på 1700-talet, der ho voks mykje og pressa seg forbi gardar i Nordfjord og Jostedalen. Ein kan sjå spor etter breens størrelse i morenerygger og endemorenar.
    6. Før i tida måtte ein gå i over fjellet og breen for å komma seg frå Jølster til Fjærland. I 1986 kom tunnelen frå Lundebotn som batt Fjærland til Jølster utan behov for hasardiøse brevandringar. Tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale med slekt frå Mundal i Fjærland, opna tunnelen.
    7. Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit areal på 1.310km².
  3. Spesielt kjende personar knytte til Jostedalsbreen
    1. William Cecil Slingsby var ein britisk fjellklatrar og vart kalla “tindesportens far”. Han hadde rundt 50 førstebestigingar i løpet av dei 21 besøka sine i Noreg mellom 1872 og 1921.
    2. Keisar Vilhelm II av Tyskland, også kjent som Vilhelm II, var ein hyppig gjest i Noreg, spesielt i Fjærland, der han beundra Jostedalsbreen. Han reiste på sommarbesøk til Noreg nesten årleg før første verdskrigen, gjerne med yachten sin.
    3. Det er kjent at det var planar om å drepa keisaren under eit besøk i Fjærland, men keisaren måtte avlysa turen på Supphellebreen og attentatet vart hindra.
    4. Keisaren skal ha vore i Balestrand, der Fjærlandsfjorden startar i Sognefjorden, då han 25. juli 1914 fekk telegram om starten av første verdskrigen, før han reise heim til Kiel.
    5. Han var den siste tyske keisaren og kongen av Preussen, og regjerte frå 1888 til 1918.
  4. Fakta om Kjøsnesfjorden
    1. Omlag 9 km lang, slik at Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden tilsaman er omlag 30 km.
    2. Brua som skil dei to vatna vart bygd i 1972. Betongelementa vart laget ein annan stad, og eitt element fall av lekteren under frakt og ligg på botnen i vatnet. Brua knytte saman Kjøsnes og Dvergsdal/Sunde, slik at ein kunne køyre bil rundt heile Jølstravatnet (ca 50 km).
    3. Kjøsnesfjorden er 149m djup og har stupbratte fjellsider ned mot vatnet. Dei har vorte slipte glatte av isbreane og er i i hovudsak dekt med lauvtre i dei mindre bratte partia.
    4. Vatnet har eit rikt fugleliv kring seg med småfuglar, tjeld, mokar, hegre og Noregs største fugl; havørna, der hoene er størst og kan ha vengjespenn på opptil 270 cm og vekt på 5-7 kg.
    5. Dei stupbratte fjella rundt Kjøsnesfjorden har fleire flotte toppar, der den høgaste er Søgnesandsnipa med dei 1.548 meterane sine.
    6. Det har gått fleire fatale ras mot riksvegen, inkl dødsfall i 1999 og ei ulykke der ein mann mista begge beina sine i 2003. I tillegg vart minst 33 geitar drepne då ein nattbuss kom over geiter som låg midt i vegen i nærleiken av ein av tunnel i 2011.
  5. Vegen mellom Kjøsnes og Lunde
    1. Vegen frå Kjøsnes til Lunde vart påbyrja i 1932 og vart ferdig i 1938, under leiing av Per A. Sægrov og arbeidslaget hans. Grunneigarane gjekk inn i prosjektet med anten pengar eller dugnadsinnsats. Kostnaden for prosjektet på den tida var kr 70.000,-.
    2. Vegen vart ikkje utbetra nemneverdig før på starten av 1980-talet ifm bygging av tunnel frå Lunde til Fjærland. Først to nye tunnelar og tre rasoverbygg. Seinare kom det to nye miljøtunnelar og til slutt Støylsnestunnelen som vart opna i 2010.
    3. Kjøsnestunnelen kom i 2022 og vart kopla saman med løpet til Støylsnestunnelen, slik at total lengd vart 8,6km. Eit viktig tiltak for rassikring, etter årevis med farlege situasjonar og særleg mange ras og uhell i 2004.
    4. Dei største steinane me kan sjå på gamlevegen i dag, rasa ned rundt år 2020. Dei tok med seg autovern og knuste vegbana før dei stoppa eller rasa vidare ut i vatnet. Nokre av steinane er store som bilar om kan antakast å vega både 10 og 20 tonn.
    5. I Vikane kan ein framleis sjå sommarfjøsane, der geitene har vorte mjølka i fleire hundre år. Dei hadde også eige meieri der dei ysta. Dette bygget har sidan vorte flytta til Kjøsnes, der det er planar om å ta opp att tradisjonen.
  6. Vikane, Lunde, Ripe og Sygnesand
    1. Dokumenterte busetjingar sidan 1500-talet på Lunde.
    2. Det eldste huset på Lunde i dag vart sett opp i 1869 frå eit gammalt hus som vart demontert på Vassenden. Tømmer- og trevarer var svært dyrt. Difor vart stein mykje brukt på hus, løer og stølar.
    3. Turiststasjon og breføring på Jostedalsbreen sidan 1890-talet.
    4. Robåtar vært nytta fram til 1913 for skyss og reiser inn- og ut av Kjøsnesfjorden. Då vart det investert i ein 30 fots stålbåt med parafin-motor.
    5. Etter at Jølstravatnet fekk betre vegsamband mellom aust og vest, vart D/S Skjold kjøpt av grunneigarane i Kjøsnesfjorden og teken i bruk der.
    6. Det har historisk sett gått hundrevis av geiter, sauar og kuar i det bratte terrenget langs Kjøsnesfjorden. I dag er det langt færre dyr å sjå, ca eit par hundre, og for det meste geiter.
    7. I Vikane gjekk det rundt år 1900 eit stort ras nedover fjellet og tok med seg heile tolv kyr på vatnet. Dei gamle i bygda hadde overtru og meinte dette hadde skjedd fordi dei hadde flytta kyrene den 2. juli det året (Syftesok), og det kunne bety ulykke.
    8. Dei hadde eige meieri ved stranda på Lunde.
    9. Som på så mange andre gardar langs vatn og elvar, var det fleire kvernhus i Kjøsnesfjorden. Her måla dei eige korn til mat og øl. Nokre av desse kvernehusa står framleis.
    10. Det var organisert omgangsskule på gardane i området fram til det vart bygd eit lite skulebygg på Lunde.
    11. Fram til 1950-talet slo dei gras og tørrhøy til dyra heilt oppi fjellkanten og langt ute i fjorden. Dei brukte stølar i fjellet til sommarbeite, mjølking og ysting.
    12. Breen på Tverrfjellet inst i Kjøsnesfjorden heiter Lundebreen og er ein brearm av Jostedalsbreen.
    13. Is frå Lundebreen vart henta ut frå Lundebotn og frakta til Skei for bruk i kjølekjellarar for å halda fisk og kjøtt nedkjølt.
    14. Lundeskaret er DNTs brattaste merka turstia i Noreg.
    15. I Søgnedansdalen er det ein artig foss som blir kalla Pissaren. Ein foss der spruten står rett ut.
    16. På Søgnesand er det vikinggrav som er kulturminne. I samband med pløying av åker på 1920-talet vart det funne vikingsverd som i dag er på museum i Bergen.
  7. Kjøsnes, Sægrov, Sunde og kunstnaren Astrup
    1. Nikolai Johannes Astrup (1880–1928) var ein norsk målar, teiknar og grafikar som budde på eit småbruk langs Jølstravatnet. Han måla fleire av bileta sine frå Sunde i Kjøsnesfjorden. Han er ein av dei mest særprega biletkunstnarane i norsk kunsthistorie, og var ved sida av Edvard Munch ein vesentleg fornyar av grafikk i Noreg.
    2. Astrup er kjend for sine landskaps- og naturbilete frå Jølster i Vestland. Han fann størsteparten av motiva sine i heimbygda Jølster, og han brukte same motiv fleire gonger i ulike variantar. Han framstilte naturen og folkelivet med frodigheit og fantasi. Astrup var dyktig til å framstille nyansane i naturfargane, særleg grønfargane som pregar vår og sommar i det grøderike, fuktige klimaet på Vestlandet. Han var særleg oppteken av å attskapa kjensler og stemningar. Det indre sjelelivet var viktig for Astrup, som aktivt brukte sine eigne barneteikningar og barndomsminne i kunsten. Mange av bileta hans er prega både av det symbolske og av ei barnleg enkelheit.
    3. Naturbileta hans har realistiske, naturalistiske og abstrakte trekk. Med naturinnlevinga si stod Astrup til dels utanfor kunstutviklinga i samtida og utanfor dei tonegivande miljøa. Han beskreiv seg sjølv som den mest stads- og jordbundne målaren i landet. Tresnitt var lite brukt i Noreg då Astrup tok i bruk teknikken, det var stort sett berre Edvard Munch som hadde brukt teknikken med godt resultat.
    4. Astrup var godt orientert om det som gjekk føre seg i europeisk kunst og var påverka av kunsten til samtida, mellom anna gjennom mange studieturar til utlandet.
    5. Kona hans Engel Astrup var tekstilkunstnar. Astrup og familien levde i tronge kår på ein liten gard ved Jølstravatnet. Han var heile livet plaga av astma, og han døydde av lungebetennelse 47 år gammal. Garden, Astruptunet, er no ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som også eig ein del av Astrups verk. Sparebankstiftinga DNB kjøpte Jon Christian Brynhildsens store Astrup-samling som har fast visningsplass på KODE 4 i Bergen.
    6. Ved Kjøsnes er det eit stort stort fjell med ein sprekk i midten. Dette er Husefjellet og Kleivafjellet. Dette var inspirasjonen for Astrup då han måla “Kollen”. I måleriet “Vårdag ved Kjøsnesfjorden” kan ein sjå den mektige Grovanipa øvst i midten av måleriet. Desse motiva kan ein enkelt kjenne att når ein har passert brua på veg inn i fjorden.
    7. Før Astrup vart kjend for måleria sine sat han på Sunde og måla mellom anna “Kollen”. Han gav ein variant av måleriet til garden han måla frå, men dei hengde det ikkje på veggen den gongen; lerreta vart brukte av dei yngre på garden, som akebrett på snøen ned bakkane. Sjeldan har barna i Jølster hatt dyrare akebrett å leika seg på!
    8. På grunn av avstandane langs Kjøsnesfjorden var det eige meieri også på Sunde. Det var vanskeleg å halda mjølka kjølig i sommarvarmen og ein kunne ikkje laga ost og smør av alt. Noko måtte uansett leverast som mjølk slik at det kunne distribuerast vidare til den lokale marknaden.
    9. På Sægrov har det budd folk sidan 1500-1600-talet. Geiter fram til 1982, sidan den tid har det grodd til ein del med bjørk, selje og or. I tillegg var det sauer, grisar, kuar og hestar på garden. Under andre verdskrigen hadde ein av bøndene Sægrov gøymt vekk ein radio i ein mur i fjellet. Gestapo saumfarte også Sægrov etter motstandsfolk. Dei har kvernhus frå 1800-talet og den første siloen som vart laga i Jølster står enno. Den er frå 1870-talet og tørrmura i gråstein. Sidan har han vorte slamma, og sjølve ideen om silo kom frå ein kar som hadde gått jordbruksskula på ein større stad med nyare gardsteknologi. På 1980-talet kalva Grovabreen store isbitar som laga ei flodbølgje i Vidunderdalsvatnet. Det førte store vassmassar nedover elva på Sægrov og tok med seg stein og grus og anna nedover elva der det fløymde over markene. Då mura dei opp elveløpet nede ved gardane og demde opp litt høgare oppe i elva, slik at flaumane skulle bli mindre.
    10. På Indre Sunde var det på 1950-talet eit stort stein- og jordras frå gjelet mellom Sunde og Geilane. Raset vart utløyst av eit veldig kraftig og veldig lokalt regnvêr, og tok med seg massar heilt ut i vatnet.
    11. Storhillaren, ein stor stein oppi fjellsida over Ytre Sunde, vil nok falla ned i terrenget ein gong i framtida. Den er på storleik med fleire bussar og om ein tek utgangspunktet i at ein buss har eit volum på 100-150 kubikkmeter, kan Storhilleren vera fleire hundre tonn tung!
    12. Under Grovanipa er det to hol i fjellveggen som blir kalla Omnane. Ei gammal skrøne som vart fortal til barna var at ein hund kraup inn i Omnane og kom ut igjen på Fjærland, nesten utan pels, fordi grotta var så trong.
  8. Me håpar du likte denne guida turen i Kjøsnesfjorden, gjennom historie og natur. Om du er spesielt fornøgd, kan du leggja igjen ei melding for oss på Google: https://g.page/r/CVfTuvm7VV0xEAE/review. Du kan også finna oss og leggja igjen ei anbefaling på TripAdvisor og Facebook.
logo

Lenker

HjemOm ossKontaktTurerRetningslinjerBetingelserLunde Turiststasjon - Overnatting Jølster Panorama - Overnatting Fyrig Sauna

Kontakt oss

Org.nr 932 807 769


Jølster Boat Tours - Guidede båtturer i Jølster

Jølster Boat Tours er levert av Jølster Reialag AS. Ospene 88 6843 Skei Besøksadresse/salgskontor: Vikavegen 3, 6843 Skei Telefon: +47 400 61 941

© 2025 Jølster Boat Tours

Visa logoMastercard logo